Kverke Skvallerkål med jordfabrikk!

Eg tenkte at gras i stiane mellom Hugelane mine kunne gå fint. Då fekk eg brukt arealet til dekke og kaninmatproduksjon. Kva er, og korleis lage Hugel! Men så tok skvallerkålen over for graset…

Som du ser så kryp den opp i hugelkulturane. Og der skal eg dyrke eittårige grønnsaker og poteter. Det fungerer dårlig med mykje Skvallerkål…

Så her er planen. Eg skal fyst dekke stiane i år, for å kvele ugraset. Det som er i bedda, får eg nappe litt på, til eg har hausta avlinga. Så tenkjer eg å dekke sjølve bedda med maisplast. Heilt perfekt kan det ikkje bli, for her står ein del fleirårig og, og dei kan eg ikkje dekke heilt. Men mykje betre skal det bli!

Fyst papp. Avis og papir på rull kan og brukast.

Så må eg dekkje pappen med noko. Elles vil eg trakke hol i den veldig kjapt. Når eg fyst legg ned all denne jobben, kan eg jo mate makken og lage jord og! Så eg legg på all tangen eg hadde liggande. Her er innlegget om når eg henta den: Gull frå havet

Så legg eg på eit godt lag med hestemøkk med strø.

Sagflisa er litt for firkorna, så den festa seg lett til kle og sko!

Løysinga på det er å legge ned heller å gå på 🙂

Har å ta av som du ser :p Men eg lyt vente litt med det. Etter eit ublitt møte med asfalten frå sykkelsete, så skal eg vere nøgd med at eg no greier å trille hestemøkk igjen!

No får eg det travelt framover, for det er på ny meldt varmt, og 17. Mai nærmar seg. Då kan eg for alvor plante ut kål, setje poteter, sette lauk og kanskje tilogmed driste meg til å plante ut nokre squash. Eg skal så nokre til, som eg har i backup. Sjølv om det då kanskje vert som i fjor, alt for mykje squash!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s