No er sommaren på veg att!

Skulle hatt planta ut alt, no!

Alt veks som berre juling. Også skvallerkålen i skogshagen. Botndekket mitt :p

Mykje mat til kaninen, og dei fleirårige plantene ser ut til å tole Skvallerkålen.

Dei er så takknemlige kaninene, at dette er ein kjekk jobb 🙂 Enda :p

Mange av epleblomane held på å springe ut, og blei ikkje berørte av frosten.

Andre delikatesser blomstrar og!

Grønnkål, det beste på heile planta, er blomsterknopper og blomar andre året! 🙂

Paprika

Fyste vesle paprikablome. Dei har eg forstått må bestøvast, og i mangel på humler inne, gjer eg det for hand. Stort sett har eg ikkje ein pensel i umiddelbar nærleik, når eg ser ein ny blome. Då bruker eg berre ein finger, skal lite rørsle til.

Tomat

Fyste tomatblomane og! Og det innadørs, på Alaskan Fancy! Trur eg lyt få desse ut i eit drivhus, i ei overgangsperiode før dei skal ut på friland! Tomat bestøver ein med å riste på planta.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s