På tide å få ut Paprika, Agurk og tomat i drivhus. Byrja på det i dag 🙂
Fyst måtte eg ha ny plast på buedrivhuset frå i fjor. Fann noko på loftet. Festa med Lillian patent :p Lyt sikkre betre seinare.
Paprika og Chilly framme i potter og Sylteagurk i kassene. Eg har laga sjølvvatning på alt utenom blomsterpottene. Dei får stå på brett, og forhåpentligvis vil det fungere på same måte. Korleis du lagar sjølvvatningspotte kan du lese her : https://matnyttighage.com/2019/04/27/enkel-sjolvvatnade-potte/
I den store trekasss her, er det mykje halvkompostert materiale, og masse liv!
Om kvar makk bæsjer 1 gram plantenæring, trur eg næringsbehovet til Agurken er dekt! Dei treng litt jord og, så eg grov ei grøft, og fylde på med kompostjord 🙂
Sist men ikkje minst, på med dekke! Aldri naken jord! 🙂
Rakk å få ut tre Moneymaker tomat og! Dei får det varmaste drivhuset.
All kålen er no til herding ute. Frilandstomatane fekk seg nokre timar utandørs dei og! Kjekt at ting kjem i orden og på rett stad! 🙂