Mange bekker små, vert stor å, vert det sagt. Får eg gjort litt no og då, så blir det mat av det!
Potetene er i jorda, og settelauken. Eg kunne med fordel sett nokre poteter etter latmannsmetoden her og der, men får sjå kva eg rekk. https://matnyttighage.com/2019/02/27/pionerpoteter/ Har nok settepoteter i vertfall 🙂
Eg har sett sortane : Arielle, Nansen, Solist, Mandel og ein blå type 🙂
Eg har og planta ut nokre kålplanter! Eg sorterer med har hand, så svake planter blir kompost… Det vil seie at den fyste runda eg hadde med såing, vert det særs lite att for. Neste runde hadde betre planter! Dei har stått ute frå dag 1.
Jordbæra blomstrar
Når ein planter ut, bør det ikkje vere steikande sol, men i dag var det litt skyer!
Hugs å vatne godt etterpå. Eg er glad for at eg kan bruke vannspreiar!
Nokre av pallekarmane har eg brukt opp kompostjorda i, og må lage ny!
Denne skal få kvist, alt det grøne kaninene ikkje har ete opp men tissa på, hestemøkk med strø, eit lite lag kompostjord ispedd ei bøtte bokashi, litt jord og plenklipp på toppen 🙂
Kom så langt, men i ei anna ykt kjem eg i mål 🙂