Rabarbrasuppe

Eg har kome ut av tellinga på kor mange Rabarbra eg har i hagen 🙂

I dag laga eg ein særs lett dessert. Ujamna Rabarbrasuppe, med eit par neva bringebær og blåbær i. Bæra bør etast, før det kjem nye, og dei set veldig god farge og smak på suppa.

Eg kutter Rabarbra i bitar. For lange bitar gjer at suppa vert full i «trådar», så eg kuttar i ganske små skiver.

Fyller på kaldt vatn, så Rabarbraen vert dekt. Ha i bær.

Eg søter med steviapulver fyst. Eg greier ikkje å ete Rabarbrasuppe dersom eg veit den inneheld meir sukker enn frukt!

Så smakar eg til med vanlig sukker.

Så let eg den småkoke medan eg gjer andre ting, laga seg sjølv 🙂

Er ein eit godt husmoremne, skummer ein av. Altså tek av skummet på toppen med skei. Men eg manglar perfeksjonistgenet, så i mi suppe finn ein et og anna blåbær blad og. Skjøner ikkje heilt vitsen med å finrenske, smakar jo blåbær blada og :p

Eg let suppa kjøle seg til etter middag. Kan etast kald og varm. Tømer du den kokande på glas, har du langa hermetisert dessert 😉

Server med piska krem, eller gjer som ungane her i huset, bland den med minst like stor del vaniljesaus 😉

Knallgod og lekker 🙂 Trur eg må lage nokre slike glas med gele-Rabarbrasuppe og!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s