Eg har laga ein pallekarm med «dei tre systrene». Det er ein av dei mest kjende samplantingane. Mais veks i høgda, og er klatrestativ for bønner og Squashen dekker botnen med sitt tette bladverk 🙂
Eg tok meg den fridommen å bytte ut bønner med sukkererter, då eg hadde nokre som berre venta på å kome i jorda! Maisen står og litt tettare enn den trulig plar, men då herdinga av den, besto av å bli kasta ned ei trapp av yngstemann, rekna eg med at ikkje alle greier seg… Sont skjer med unger :p
Då Maisen er så liten, treng sukkerertene eige klatrestativ, så difor konpostnettet. Sjølvsagt dekt med grasklipp 🙂
Elles i hagen min er det kome hannblomer på squash. Dei er etande, og nokre likar dei fritert. Aldri prøvd det sjølv :p
Etande alternativ til Gullregn, Sibirskertbusk :
Spent på om eg får frukt på Sjokoladevinen min i år, den har blomar for fyste gang!