Matnyttig skråning

Vi har ei skråning mot vegen. Den er veldig bratt og vanskelig å gjere noko med. Øvst er der svære Rabarbra, dei trivst godt 🙂 For å gjere det heile verre, la vi duk i heile skråninga for nokre år sida. Eit par år etter, gjekk kloakken tett, og det blei greve med gravemaskin i same skråninga. Resultatet er at duken har mykje jord over seg enkelte stadar, og ligg i fleire lag. Eit realt herk å ta att. Aldri meir skal eg bruke duk på den måten… Hadde den berre vore nedbrytbar og ikkje av plastfiber!

Eg fekk fjerna eit par tre kvadratmeter duk, og ein den ugras eg ikkje ynskjer å ha der. Svartsurbæra fekk seg ein naudsynt stuss.

I skråninga har rabarbraen også vorte delt av gravemaskina, og kome attende nedover skråninga. Der er og ein del Svartsurbærbusker, dei vil eg og ta vare på 🙂

Inn i mellom desse små plantene, sett eg ein Grønnkål, som eg håper skal overvintre, og frø seg neste år. Då vil eg få masse små grønnkålplanter her i skråninga 🙂

Redikker. Dette er små frøplanter som skrik etter meir jord. Desse veks kjapt, og kan etast før dei andre plantene treng plassen 🙂 Om ikkje sniglane et dei fyst da.

Ringblomst. Desse frør seg enkelt, og eg håper at dei skal kome att her av seg sjølv neste år. Kanskje i så store mengder, at eg kan spre dei utover resten av skråninga.

Nokre bittesmå Stemorsblomar og noko eg trur er Mangold (kan vere ei rødbete, eller ei anna rotfrukt i same slekta, det får vise seg), plantar eg og ut 🙂

På med grasklippdyne!

Jorda her er ganske dau, og næringsfattig. Så alt saman fekk og ein dose gullvatn 🙂

Det er ganske mange kvadratmeter skråning att, meir eller mindre dekt av etande matvekster, duk, eller ugras. Men det går bra, eg kan ikkje gjere alt på ein dag 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s