Fancy ord for beitebur 😉 Om ein søkje opp chicken tractor, får ein opp ganske mange doninger, frå 2-fleire tusen høns.
Eg har tre kaninunger som er klare til å flytte frå mora, dei får selskap av hannkanina ei stund. Dei er supertame!
Eg har plen som veks, inn i mellom mange av matvekstane mine. Då er det vinn vinn å la kaninen beite der. Kaninungane veks, graset vert klippt og gjødsla. Det einaste eg må gjere, er å drage litt i buret. Kaninene er ganske kresne, og vil uansett helst ha ferskt gras/ugras.
Eg er ikkje så flink å snikkre, men kaninene er ikkje kresne heldigvis!
Slik gjorde eg det:
Ein tek det ein har 🙂 botn må det vere. Med så små hol at kaninene ikkje grev seg ut, og så store at dei lett får tak i graset under.
Ein avsaga plastdunk som skjul/soveplass 🙂
Dunken er ikkje ned i bakken, for då greier kaninene å nå alt graset. Vatn må dei sjølvsagt ha!
Buret er ganske lite, men eg flyttar det fleire gongar for dag. Kaninene ser ut til å trives 🙂