Det et alltid kjekt å kome att frå ferie. Ungane gjer akkurat det same som eg, då eg var lita. Dei spring og ser etter dei fyste jordbæra 🙂 Eg tek meg ei runde i hagen, og ser etter dyr og planter. Utrulig kva alt veks på 14 daga!
Dei aller minste kaninungane spring no rundt i lag med mora.
Dei nye verpehønene kjem springande til gjerde og helser oss velkomne:) Dei byrja å legge egg dagen før vi kom heim, så no vert det mykje egg på oss!
Humlene får mat og 🙂
Ariel potetene eg sette i april, er klare til eting. Årets fyste nypoteter 🙂
Bringebæra har akkurat byrja å mogne 🙂 Blei ikkje så mykje på meg, ungane kom før meg :p
Epletrea, dei fleste av dei, tolte frosten greit. Må nok tynne litt!
God sommar 🙂