Då har bringebæra mine i hagen tatt av. Då er det berre å plukke 🙂
Eg brukar berre bringebær og sukker. Nokon gongar brukar eg litt Stevia, for å redusere sukkermengda. Men ein treng uansett mykje mindre sukker til rørt enn kokt sylte 😉
Om der er nokre småkryp i bæra, så får det bli proteintilskot, dei er nemmelig ikkje farlige ei heller set dei stygg smak på sylta 🙂 Eg køyrer dei så lite som råd med stavmixer. Smakar på om det er søtt nok, og fyller på glas.
Sylta held seg omlag ei vike i kjøleskap, men kan fint frysast!
Det beste eg veit, med rørt bringebærsylte, er marsipankake. Spørst om eg finn ein god grunn til å lage ei snart.. . 😇