Då fekk eg endelig opp alle potetene!
Desse blei tekne opp på den eldste Hugelkukturen min 🙂 Eg kan take dei opp med hendene, ligg rett under jorddekket 🙂
Totalt har vi hausta poteter til daglig bruk sidaa midtsommar omtrent, samt seks slike rosa småstamper 🙂
Med dei potetene frå Ørsta andelsgard, så trur eg vi har nok til vinteren 🙂
Når eg tek opp poteter å grønnsaker, prøver eg å legge på vinterdyne. Alt organisk materiale funker. Men eg plar ligge unda veldig problematisk fleirårige ugras og røter.
Elles har eg meir jobb i hagen enn eg rekk, men hagen går jo ingen stad :p
Mykje sopp i skogen for tida og! Varme dagar hjelp på 🙂
Korleis går det i din matnyttige hage? 🙂