No skal eg straks i gang med å så dei plantene med lengst oppal. Slik som Chilli, Paprika og Pysalis. Då har eg ikkje så veldig lyst å kjøpe jord. For det er nesten ikkje torvfri jord å få tak i. Dei einaste typane eg har funne er tilsett gjødsel, og det bør ikkje oppalsjorda innehalde. Den bør vere næringsfattig og luftig…
Eg prøver og noko nytt i år, eg lager bokashijord innadørs. På eine badet faktisk. Ingen har klaga på lukt! Så då gjer eg ei spireprøve med denne jorda, berre for å gjere eit forsøk. Om den ikkje spirer, så spørst det om eg ikkje må krype til korset å kjøpe såjord med torv 😦
Ein skal bruke frø som spirer kjapt, gjerne karse. Men det hadde eg ikkje, så vel fleirfarga redikkar i staden, dei og er temmelig kjappe 🙂

Då er det berre å dekke dei små frøa med litt jord, vatne, sette varmt med lokk over. Då held dei på fuktigheita:)

Då er det berre å sjå om desse spirer!
Eg har bestilt ein del frø på Solhatt.no, og klør i såhanda, så håper dette går vegen!