Til oppalet er vatning frå undersida allerbest. Det er lågare risiko for ekle kryp, då jorda på overflata vil vere relativt tørr. Det er og umogleg og overvatne. Sist men ikkje minst, ein slepp å vatne HEILE TIDA. For si mindre jordvolumet er i potta, di oftare må ein vatne…

Dette kan ein gjere heilt utan å kjøpe noko nytt. Du treng :
1 vanntett brett.
2 isbokser
3 oppklipt dynetrekk/klut/handduk…

Bløyt tøystykket, og la det dekke heile brettet samt ned i minst eine isboksa.

Så lenge det er vatn i isboksa, syg kluten opp vatn, og alle potter ein sett oppå kan halde seg fuktige 🙂 Eg bruker dette og til mindre såpotter 🙂
No kan eg trygt reise bort nokre dagar, desse passar på seg sjølv 🙂
Vil du prøve dette heime?
