Dette er den viktigste bloggposten, vert å lese på ny 🙂
Kjært barn har mange namn. Men hovudtanken, er å ha eit grønnsaksbedd, som ein aldri trakker i og som er høgare enn bakkenivået. Eg bruker stort sett to typar. Hugelkultur og pallekarmar.
Ein hugelkultur er bygd opp slik: (frivillig) papp i botnen, store biter av tre, mindre biter av tre, mjukt organisk materiale, jord og jorddekke.
Hugelkultur med trestokker, tang og hønsegjødsel med spon i. Har ein bokashikompost, hagekompost, hageavfall, alt går i hugelen.
Så dekkjer eg det heile med jord frå gangstien. Det er jo litt sløsing å trakke på matjorda. Steinen får ligge i stien. Om ein har plen, snur ein berre torva oppned.
Her har eg spadd ferdig. Tek litt på ryggen. Sopass hardt arbeid, at eg sorterer det under styrketrening, så eg slepp det i dag !
Så går eg til alle ruskedungane i skogen, tett ved huset mitt, å henter det resten av nabolaget har…
View original post 272 fleire ord