Ugraspotet

Eg bur nært kysten. Her er det så milde vintra at ein god del grøde toler å stå i jorda til våren kjem. Purreløk, beter, grønnkål, gullerøter og potet er vekstar eg finn når eg byrjer å arbeide i hagen. Det kan jo vere flott det, om ein ikkje har lagringsplass som er god nok inne. Potetene og betene utandørs ser faktisk betre ut enn dei eg har inne.

Men særlig poteter som ligg att i jorda vert eit problem i vekstskiftet mitt. Etter potet plar eg nemmelig ha skjermplanter. Dei er ganske små og trege av vekst, som gulrot 🥕. Potetugras tek fort overhand og å luke dei når dei fyst spruter opp rundt andre vekstar finn eg nesten umogleg. I laus jord er det lettast å plukke ut alle poteter ved opptak, også bittesmå. Men i hugelkulturer og bedd bygd opp med kvist, tang, dyremøkk, gras, bokashi, ja der er det jaggu meg lett for desse å gøyme seg. I tillegg så kan poteter og potetskrell i bokashi bøtta finne på spire og.

Ein kan jo sjå litt positivt på det og, nypoteter og beter i mars er jo ikkje å forakte😉

Om eg har ei løysing? Nei, berre at eg må bli enda flinkare til å plukke ut klinkekulepoteter. Har du same problemet? Kva er di løysing?

2 Comments Add yours

  1. Audun Nag seier:

    Pass på at du ikke bruker rester av utenlandske poteter i komposten. Disse er å anse som spesialavfall.

    Likar

    1. Akkurat det tenkjer eg er å drage anbefalinga frå mattilsynet (om det er der du har det i frå) litt vel langt. Men eg er sjølvforsynt potet 🙂

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s