Oppal og prikling

Nokre planter likar best å starte tett, for å så delast til kvar si potte etter ei tid. Dette kaller vi å prikle. Blandt andre lauk, purre, selleri og sellerirot er sorter du bør så tett. Mange andre kan du gjere det med, men då skaffer du deg berre meir arbeid. Ordentlige rotvekster som gulrot, pastinakk, persillerot og liknande toler ikkje prikling. Her har du nokre tips til korleis å få eit godt resultat, vist med sellerirot. Vatn helst jorda på førehand. Gjer du det etterpå skyller du lett bort jorda frå røtene å må fikse alle på nytt etterpå.

Her ser du ei lita potte med over 20 små sellerirot planter.

Bruk gjerne ein gaffel til å lirke røtene frå kvarandre.

Dersom du må halde planta, hald i eit blad, ikkje sjølve stengelen. Får planta press på stengelen vert den lett øydelagd, men litt skada blad toler den. Skal du prikle, bør du gjere det etter at dei fyste ordentlige blad har kome, men ikkje vent for lenge slik at røtene veks for godt saman.

Bruk gjerne handtaket på gaffelen for å lage rom til røtene og planta. Du kan også linkene dytte røtene ned i holet på same måte. Nokre planter kan plantast djupare i jorda, slik som tomat. Andre kan ikkje det, slik som Agurk og Sellerirot. Du får rett og slett ikkje rot på sellerien og lett rothalsråte på divaen agurken om du planter den djupare.

Når du er ferdig, la dei prikla plantene stå litt skjerma frå sola i eit par daga. Så slepp dei stresset med å tørke ut før røtene har sett seg ordentlig i jorda og dei får drikke ordentlig 🙂

Håper dette var oppklarande, og lykke til med ditt eige oppal 😁

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s