Når byrje på oppalet?

Nokre matplanter treng oppal inne i varmen. Men korleis veit ein når ein skal byrje?

Vel aller fyst må du finne ut kva planter du vil så. Deretter kor langt oppal desse plantene bør ha før den kan plantast ut i hagen. Nokre må ha det heilt frostfritt før dei kan plantast ut, som squash og graskar, andre toler litt frost og atter andre må ha det godt og varmt, helst heile døgnet. I denne lenka kan du finne siste frost dag i område du bor, og antatt heilt siste frostnatt : https://www.yr.no/artikkel/sjekk-nar-varens-siste-frostnatt-er-1.8117457

Eg bur i Ørsta på Sunnmøre. Her kan det vere 30 grader i april og snø på 17. Mai. Eg reknar 1. Juni som siste normale frostnatt, men er forbredt på at det kan kome frost nattestid heile juni, og til og med i juli, men det er veldig skjeldan. Eg bur også så fint til, i skråning på solsida, uten elvatrekk, at risikoen for frostskader etter 1. Juni er veldig liten.

Sår eg frøa for tidlig, og det vert kaldvær eller snødekte huglar, får seg masse ekstra arbeid og sturande planter anten inne i varmen eller ute i kulden. Dei kan ofte reddast, men avlinga kan bli dårligare og plantene er veikare mot innsekt og sjukdom.

I vindauga er det for lite lys til plantene før omtrent 15. Mars. Så før den tid bør ein ha plantelys. Då ryk lappane fort, og det er uansett nesten ingenting som må såast så tidlig.

Kor stor plass har du i sør eller vestvende vindauge? Har du drivhus? Uten oppvarming må ein vente lenge med å plante ut varmekjære planter der og.

Ein anna positiv konsekvens av å rekne så nøye over oppalet, er at du trulig greier å tilpasse totalen planter til den plassen du har til rådigheit enn uten. Oppal er arbeidskrevjande, så det er jo dumt å ha fire gongar så mange planter i oppalet enn naudsynt 🙂

Nokre planter vil gjerne ha kjølig oppal eller direktesåing. Meir om det seinare 🙂

Har du oppal av eigne småplanter?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s