Påskestell

I dag blei det litt handling. Eg trengde nokre settelauk, og det var tomt på solhatt.no Eg oppdaga at Plantasjen hadde bokashikitt og strø! Kjenner at verda går framover altså! Eg har ikkje prøvd denne bøtta. Men skulle eg byrja på ny no, så hadde eg nok gått for tett bøtte utan tappekran, då denne…

Gull frå havet!

Vi bur ca. To minutt frå fjorden. I dag nytta vi litt av finværet til å hente tang 🙂 Det er verkelig nok å ta av! Eg og mannen fylde i sekkar og heiv i hengeren. Sekkane skal vi bruke om igjen. Vi måtte forsere ein natursteinsmur, så trillebår og greip var uaktuelt. Ungane leika…

Mat til jordlivet

Eg gav til slutt opp å trille ned den bratte skråninga med trillebår full av hestemøkk. Og godt var det, for no blei eg faktisk ferdig å tøme hengeren!Det einaste som er betre enn å få ein henger full i hestemøkk, er å akkurat ha tømt den!Eg har no fyldt alle nye karmane i hagen,…

Agurknytt!

Vel… Agurken spira! Det gjer og fleire sorta graskskar og squash 🙂 Dei skal få kome ned i stova, i eit sørvendt glas 🙂 Det er så varmt og fint at aprikostreet mit har gått i bløming! 🙂 No kan eg snart ete sjarlottlaukskot! Solbæra får blad tidlig 🙂 Det er så kjekt og sjå…

Sette poteter og sjarlottlauk!

I dag sette eg dei fyste potetene! Seks godt forgrodde Ariel settepoteter, av fjorårets avling 🙂 Dei fekk godt med dekke, og plastlokk! Så om åtte vike, skal vi ha nypoteter til middag 🙂 Etter ei melding til Solhatt.no, bestemde eg meg og for å sette sjarlottlauk ute. Dei tole litt frost fekk eg forsikring…

Kom april du skjønne milde?

Eg har vore på foredrag i dag, 8. april, med Dag Jørund Lønning. Foredraget er basert på jordboka 2, det kompostmoderne. Det er rett og slett så oppbekkande å høyre atter ein gong, at måten eg gjer dyrkinga mi på, kan redde verda! Vi må berre få mange nok til å gjere det slik!!! Og…

Varme vårdagar!

«No livnar det i lundar»! Eg har og funne gull! Eller fått gull :p Rein hestemøkk, uten flis, med litt grus. Masse næring, blir fin jord 🙂 Men spørst om eg bør utbetre trillebårstien… Med ryggen til låns den bakken der :p med stor sjanse for velt! Spørt om eg bør trille rundt huset, men…

Småpjask i hagen

Flott artikkel i dagens Møre-Nytt i dag 🙂 2.4.2019 berre i papir og e-avisa foreløpig. I hagen har eg fått plukka nok til årets fyste Ugraspesto! Her er ingrediensane : Graslauk Hagesyre / surgras Masse Skvallerkål! Litt Høymole. Smaka svakt surt surgras. Tok ein kjapp tur opp i nærskogen, litt Gaukesyre er å finne 🙂…

Gjødsel – rundball II

Denne skal etter planen fordelast ut over resten av grønnsakshagen min 🙂 Dette er øvre kjøkkenhage. Skogshagen er rett nedom, der er og nokre kvadratmeter karmar og ein Hugel. Då er det berre å «bjønne på»! Det var som vanlig på Sunnmøre, godt vær! Hagla heldigvis ikkje heile tida :p Dette er den nyaste Hugelen,…

Gjødsel – gamal silo

I dag har eg jobba hardt med ein gamal rundball! Desse har eg fått av ein kompis, dei er frå 2017, altså to år gamle. Når dei ikkje vart brukt til dyrefôr, tok eg gladelig i mot dei! For å trille graset kortast mogleg, sette vi ein på kvar side av huset. Dog på oppsida,…

Mykje godt arbeid i vente

Eg fekk meg ei lita ykt i hagen i dag og 🙂 Eg hadde til dømes tre fulle bokashibøtter klare til å verte blanda med jord! Makken elskar bokashi! Her kjem det til å myldre om eit par vike! Heile framgangsmåten finn du her : Bokashi! Eg har og vore så heldig å fått to…

Sniglane lika spirane!

Typisk meg. «skal berre ein tur i drivhuset» … So finn eg ei handfull sniglar, utan handskar eller bøtte… Må berre ta dei da, elles et dei jo opp dei spede spirane! I dag var det berre grå åkersniglar. Men når dei brune dukkar opp, bør eg hugse hanske… Eg har nemmelig fylt nøven med…

Skummelt tidlig ute

No spirer kålplantene mine! Det er aaaaalt for tidlig! Planen er å la dei vekse seg store under vekstlys på badet. Om våren vert like varm som i fjor, kan eg sette dei ut om ein månad. Kanskje via drivhus og pallekarmar med drivlokk. Om det då vert frost om natta, får eg bre over…

Hage i hagl

I dag har eg jobba i haglbyger, torden ⚡ og sol! Eg hadde og Joachim Åsebø, frå lokalavisa Møre-Nytt på besøk! Han skal lage ein artikkel om arbeid i hagen på våren og Ørsta andelsgard 🙂 Møre-Nytt skal i samarbeid med Vikebladet Vestposten og Vestlandsnytt gi ut ei temaavis 2. april. Og her kjem altså…

Lage eigne såpotter

Ein kan bruke det aller meste til spotter. No vil eg vise korleis min vesle papirpottelagar verkar. Demonstrert av dotter mi, Irja (7). Vi brukar lokalavisa, saks og pottelagar. Klipp ein strimmel som er noko høgre enn pottelagaren. Rull, brett og stapp! Takk for hjelpa Irja 🙂 Kva potter brukar du? 🙂

Vedhogst, Hugel og natursåpe

Då har eg brukt av Einelågen eg har laga! Det skulle vere barnebursdag i hus, så golva fekk seg ein veltrengd omgang med moppen. Korleis lage Einelåg! Det lukta veldig godt 🙂 Eg har og i heimelaga kokkossåpe. Eit heilt, lite såpestykke fekk ligge i vatnet til eg var ferdig å vaske. Eg kunne gjerne…

Tidlig såing i drivhus

Då eg kjika innom drivhuset mitt i dag, såg eg ei bittelita kålspire! Det er trulig ein redikk, då eg lot desse frø seg i fjor. Dette tydar på at det er varmt nok for hardføre kålsortar å spire. På tide å så! Fram med albummet med frø! Drivhuset blir brukt til tomatar i juni,…

Hage med rom for liv

Ein hage skal ikkje berre romme vi som bur her. Eg har gjennom dei åra vi har budd her, hatt ganske mange levande nyttedyr. Nokre tame, andre ville og berre på besøk. Her kjem nokre av dei 🙂 Vi har to ekstremt tame musefangarar. Dei trivst godt mellom matplantene mine. Dei er faktisk så folkekjære…

For lite

Noko hadde vi passe mengd av og noko kan vi aldri få nok av! Nokre vekster treng berre stell og tid, så blir det meir. Til dømes eple. Nokre påstår at epler herifrå (Ørsta på Sunnmøre, ikkje Hardanger) ikkje vert gode. Trulig fordi dei har smaka på nokre sure knerta då dei var små… Eg…

For mykje

Når eg driv å planlegg neste sesong, prøver eg å hugse kva eg hadde for mykje av. Sjølv for ein sunnmøring… I 2018 var dette : Bringebær. Veldig godt i starten, men blei grådig lei av å plukke og ete på slutten :p Så ikkje noko utviding av bringebærlandet, basta! Har framleis mykje bringebær i…