Kverke Skvallerkål med jordfabrikk!

Eg tenkte at gras i stiane mellom Hugelane mine kunne gå fint. Då fekk eg brukt arealet til dekke og kaninmatproduksjon. Kva er, og korleis lage Hugel! Men så tok skvallerkålen over for graset… Som du ser så kryp den opp i hugelkulturane. Og der skal eg dyrke eittårige grønnsaker og poteter. Det fungerer dårlig…

Bokashi i bøtte

Det er ganske dyrt med Bokashi startkitt, med bøtter med tappekran. Og for min eigen del ser eg at eg treng ikkje tappekrana anna enn i vekstsesongen. Eg angra og litt på at eg grov ned så mange bøtter i drivhuset i vinter. For no på våren, når eg etablerer nye bedd og karmar, då…

Enkel sjølvvatnade potte

Eg synest det er kjedelig å vatne heile tida. Og plantene trivst best med jamn vasstilgang. Enda eit pluss er at ein kan ha flytande naturlig næring i vatnet, og jamn næringstilgang og 🙂 Her er sirka to liter vassreservoar i denne bøtta + det som jorda held på. Eg er spent på kor ofte…

Påskekrim i glaskarmen!

Eg er ein mordar… Eg har drept planter frå heile graskarfamilien 😦 Men eg har ikkje gjort det heilt utan grunn. For planter i graskarfamilien, toler særs dårlig å verte herja med røtene til. Eg måtte teste det, for det sat veldig langt inne å ta livet av plantene, der det var meir enn ein…

Isoporkasse og vindauge

Med enkle middel skal ein kunne drive fram kålplanter. Dei toler jo ein del. Langt i frå så skjøre som agurk og tomat med fleire. Eg fylde pluggbretta med jord og kompost frå ein pallekarm i hagen. Så sådde eg frøa, og strødde over resten av kjøpejorda mi. Gullerøter har eg og sådd i kartong,…

Mykje vil ha meir!

Eg har mykje mat og mange matplanter hagen min. Men ikkje nok! Eg er ordentlig Sunnmøring, så det skal helst ikkje koste noko! Så i dag prøvde eg meg på fire ulike former for formeiring av fleirårige vekstar. Den fyste er superenkel. Litt tidlig kanskje, men eg gir det eit forsøk. Tuedeling Her deler eg…

Bleiking av Rabarbra

Godkjendt av treåringen, uten sukker på! Slik kan ein gjere det: Når eg såg antydning til Rabarbraen, sette eg ei bøtte over. Då slepp ikkje lyset til, og det blir danna mindre klorofyll, planter vert lange og bleike. Til vanlig er dette noko vi IKKJE vil skal skje, men med blant anna Rabarbra, er dette…

Jordskokk og kvitlauk

I dag har eg hausta all jordskokken! Her stod den i fjor, på eit mellomrom mellom to Lindetre. Einaste stellet den har fått, er at eg har kasta ugras på den gjennom sesongen + gitt den dekke når den døydde ned til vinteren. Ordentlig sikringskost! For ei mengd!I år fekk eg ti kilo på dette…

Såing til den store gullmedalje

Eit par føremiddagstima, blei brukt til å så det som gjenstod på oppalslista. Utan om meir gulrot, det tek eg att. Eg las i ei nyheitssak, at jorda som skal erstatte klima og jordlivfientlig torvjord, ikkje må vere klissete og gi folk jord på hendene…. Kvifor det??? Det skal da vere jord i jord. Om…

Høner i hagen

Kvifor har eg høner egentlig? Egg har jo dei på butikken. Eg har høns av mange grunnar. Den fyste er matrester. Med fire born, der eg ikkje tvinger dei til å ete opp maten sin, blir det ein del matrestar. Nokre gongar er vi vaksne skuld i matsvinn og. Hønene et det aller meste av…

Matnyttige stoveplante

Er du litt lik meg, så forstår du ikkje vitsen med stoveplanter. Om ein passa godt på dei, er dei i beste fall vakre å sjå på… Men då ser eg heller ut av vindauget, på fjord, fjell eller skog. Dei slepp eg å ha feriepass til, vatne frå 1-7 gonga i vika, skifte jord…

Gåvetomat og ompotting

I dag har eg potta om eit par tomatplanter, «Money Maker». Denne skal vere gåve til ordstyraren ved møtet : Bærekraft i reiselivet i Ørsta, Torunn Lødemel 🙂 Slik gjorde eg ompottinga : Løfta ut jordklumpen med gaffel. Skilde forsiktig dei to plantene frå kvarandre. Så fylde eg to potter med jord. Brukte to blåbærbeger….

Oppal 2019

Tomatane er straks klare til ompotting, i alle fall dei største. Paprikaen har spirt 🙂 Purre har eg sådd, den treng laaaang tid på å verte stor. Eg sådde i eit druebeger, greier nokon å sjå dei bittesmå spirane? Slik ser årets liste ut. Jamvel om eg treng litt ekstra, då eg er i ferd…

Matauk på tv

Her kjem nokre av mine favorittar innan dyrking og sjølvberging, alle frå NRK. No Det gode bondeliv Frank her er ein bonde i Danmark. Han prøver ut mange ulike frøsorter, gamle handtverkstradisjonar og har veldig mykje å lære frå seg! Episodane kjem og dreg på NRK. No, så det einaste som gjeld er å sjekke…

Gjødsel

Eg høyrde på radioen ein gang, at å dyrke grønnsaker og poteter i hagen, omlag skulle vere umogleg, utan kunstgjødsel. Så mykje næring treng altså vekstane… Nei, det stemmer faktisk ikkje. Det fins eit utal av måtar å gje næring til jordliv og vekstar, og samtlige er betre enn kunstig gjødning! Eg vil skrive om…

Bokashi

Eg har prøvd varmkompost, eg har prøvd makkompost… Aldri igjen… Begge desse må pleiast som levande dyr. Tilstrekkelig vatn og mat av rett sort og mengde. Og ikkje vert det gruful lukt, makkar som stikk av eller døyr, flugeinvasjon ect. Bokashi derimot. Her kan du putte alt i bøtta. Kaffifilter, apelsinskrell, beinranda på ein laks…

Latmannspoteter

Fryktelig namn, burde heller kallast pionermetoden. For det er ein fantastisk måte å omgjere uproduktiv, arbeidskrevande plen, til høyverdig land for dyrking. Ikkje nok med det, du får poteter du nesten ikkje må grave etter ein gang. Spela inga rolle kor stor eller liten hageflekken er. Mat blir det! Ta det av papp ein har…

Opphøgde dyrkingsbedd og Hugel.

Kjært barn har mange namn. Men hovudtanken, er å ha eit grønnsaksbedd, som ein aldri trakker i og som er høgare enn bakkenivået. Eg bruker stort sett to typar. Hugelkultur og pallekarmar. Ein hugelkultur er bygd opp slik: (frivillig) papp i botnen, store biter av tre, mindre biter av tre, mjukt organisk materiale, jord og…

Anbefalte bøker, blogger og videoklipp

Eit veldig sjarmerende program, informativt, dog ganske forelda og dei elskar kunstgjødsel. Men gjer ein det ein lærer her, og legg vekt på gullvatn og kompost som gjødsel, er dette supre videoer. https://tv.nrk.no/serie/hagebruk Jordboka av Dag Jørund Lønning Det du ikkje lærer om jordliv i NRK serien, kan du lese om i Jordboka. Jordlivet er…