Rørt bringebærsylte

Då har bringebæra mine i hagen tatt av. Då er det berre å plukke 🙂 Eg brukar berre bringebær og sukker. Nokon gongar brukar eg litt Stevia, for å redusere sukkermengda. Men ein treng uansett mykje mindre sukker til rørt enn kokt sylte 😉 Om der er nokre småkryp i bæra, så får det bli…

Rabarbrasuppe

Eg har kome ut av tellinga på kor mange Rabarbra eg har i hagen 🙂 I dag laga eg ein særs lett dessert. Ujamna Rabarbrasuppe, med eit par neva bringebær og blåbær i. Bæra bør etast, før det kjem nye, og dei set veldig god farge og smak på suppa. Eg kutter Rabarbra i bitar….

Spennade tilbehøyr til enkel middag

I dag har eg hausta tilbehøyret til middagen 🙂 Noko frå vindaugskarmen, noko frå hagen og noko frå skogen 🙂 Geiteramsskot kan brukast og smakar litt som asparges. Eit forhatt ugras, Parkslirelerke, er klart no. Litt surt på smak, så godt i lag med andre ingrediensar. Der er ein bestand i skogen like ved huset….

Tid for te og krydde

Løvetann blomar kan brukast til mykje. Te, lotion, såpe og sikkert mykje meir 🙂 Særs slett, berre å plukke nyutsprungne blomar 🙂 Eg nyter spande småkryp medan eg plukker. Sjå denne jegeren! Kanskje han venter på ei slik, eller kanskje noko litt mindre 🙂 Eg plukker berre til eg blir lei, nok for i dag…

Ugraspesto

Ein treng ikkje kjøpe pesto av basilikum frå land langt langt vekke! Lag Ugraspesto! Dagens vesle porsjon! I den er det Graslauk, Skvallerkål, Høymole, Hagesyre /Surgras og masse Skvallerkål! Flittige hender plukker fort, og mykje treng ein! Skyll av og legg på ein kopphanduk. Ha i salt eller urtesalt. Køyr jamn med stavmixer, tøm på…

Einelåg

Einelåg kan brukast til så mangt. I følge Rolv med Urtekildenens Planteleksikon: hårpleie, hudpleie og antiseptisk vaskemiddel. Eg har nokre treningskle som ikkje akkurat lukta rose, dei tenkjer eg å få skikk på no! Men fyst skal eg fortelje korleis eg laga dette totalt zero waste vaskemiddelet. Kortversjonen er: Hent, kok, sil, tapp. Fole enkelt…

Smuldrepai

Ein av den enklaste og beste dessertane av grøde frå hage og skog, er Smuldrepai. Du tømer ganske lett havregryn, litt mjøl av ønska sort, sukker, kanel, vaniljesukker i ei eldfast form. Bland og ta av nokre spiseskeie i ein kopp. Hell deretter smør eller kokosolje i den ildfaste forma. Nok til å dekkje alt…

Alt går i brøddeiga

Etter å ha vore på foredrag med Thomas Thorne, forfattar av boka «kunsten å ikke kaste mat», tok eg meg saman. Eg har tidligare baka mykje brød, men gått grundig lei. Mogleg det hadde samnheng med at eg baka til mange og malte kornet sjølv, på ei handdreva mølle…. No fekk eg att gnisten. Nettopp…

Kjøtkraft

Totalt missvisande namn. Det er då bein eg koker kraft av, ikkje kjøtet! Kjøtbeinkraft er eit betre namn! Men det er nok mest for å skilje slik kraft frå grønnsakskraft, noko eg ikkje kan med, enda. Dagens kraft koker eg på beina av to kaniner og ei and. Alle tre fora fram i hagen, slakta…

Viltgryte

Her kjem ei oppskrift på viltgryte. Om du vil ha den mjølkefri, vegetar eller vegan, så skal eg kome med forslag til korleis. 4-5 porsjonar 500g kjøtdeig (veg. 1pk raude linser, 1 pk brune bønner) 250 g sopp, minst, gjerne vill! 1 stor lauk 1 pk crème fraice (veg, mjølkefritt, Oatly mat fraice) 3 dl…

Jordskokksuppe

Du treng : kokte poteter eller gårsdagens potetstappe. Jordskokk. Ca. 1/5 så mykje som potet. Lauk Kraft Andre rotgrønnsaker du treng å bruke opp Sopp Blomkål Kokt byggryn Slik gjer du: Dette er ei krema, jordskokk og potetpuresuppe. Som egentlig betyr ei suppe som er jamna med potet, med fløyte og jordskokk som smakstilsetning 🙂…