Høner i hagen

Kvifor har eg høner egentlig? Egg har jo dei på butikken. Eg har høns av mange grunnar. Den fyste er matrester. Med fire born, der eg ikkje tvinger dei til å ete opp maten sin, blir det ein del matrestar. Nokre gongar er vi vaksne skuld i matsvinn og. Hønene et det aller meste av…

Lage eigne såpotter

Ein kan bruke det aller meste til spotter. No vil eg vise korleis min vesle papirpottelagar verkar. Demonstrert av dotter mi, Irja (7). Vi brukar lokalavisa, saks og pottelagar. Klipp ein strimmel som er noko høgre enn pottelagaren. Rull, brett og stapp! Takk for hjelpa Irja 🙂 Kva potter brukar du? 🙂

Bruk av Einelåg

Eg må seie at Einelågen eg laga går unna. Eg har jo rikelig! Treningskleda mine fekk seg ei sårt tiltrengt bløytlegging i Einelåg.   No gler eg meg til neste skogstur, der eg luktar skogfriskt! Eg har også med hell vaska golv, skinnsofa og baderom, då med heimelaga kokkosåpe i tillegg 🙂

Vedhogst, Hugel og natursåpe

Då har eg brukt av Einelågen eg har laga! Det skulle vere barnebursdag i hus, så golva fekk seg ein veltrengd omgang med moppen. Korleis lage Einelåg! Det lukta veldig godt 🙂 Eg har og i heimelaga kokkossåpe. Eit heilt, lite såpestykke fekk ligge i vatnet til eg var ferdig å vaske. Eg kunne gjerne…

Einelåg

Einelåg kan brukast til så mangt. I følge Rolv med Urtekildenens Planteleksikon: hårpleie, hudpleie og antiseptisk vaskemiddel. Eg har nokre treningskle som ikkje akkurat lukta rose, dei tenkjer eg å få skikk på no! Men fyst skal eg fortelje korleis eg laga dette totalt zero waste vaskemiddelet. Kortversjonen er: Hent, kok, sil, tapp. Fole enkelt…

Alt går i brøddeiga

Etter å ha vore på foredrag med Thomas Thorne, forfattar av boka «kunsten å ikke kaste mat», tok eg meg saman. Eg har tidligare baka mykje brød, men gått grundig lei. Mogleg det hadde samnheng med at eg baka til mange og malte kornet sjølv, på ei handdreva mølle…. No fekk eg att gnisten. Nettopp…

Zero waste

Før eg byrja med å skrive om kompostering, bivokspapir, såpekoking og liknade, tenkte eg å kome med ein liten introduksjon til temaet zero waste. Altså å slutte å øyde resursane. I alle utvikla land, har vi gått frå å eige ting, til at tinga eig oss. Vi kjøper ting vi ikkje treng. Reklame, mote og…